Til foreldre og føresette

Kva er «Troll i ord»?
Troll i ord er eit verktøy for språkstimuleringsarbeid i barnehage og småskule. Verktøyet og arbeidsmetodane er utvikla i tråd med kompetansemåla i Rammeplan for barnehagen 2017. Troll i ord tek utgangspunkt i bruk av eventyr. Det å forankre ulike former for språkstimulering i bruk av litteratur er eit vesentlig kjenneteikn for Troll i ord.
Det digitale innhaldet i Troll i ord har fortellerstemmer på 32 ulike språk.

 

Kvifor er vi opptekne av morsmålet og eit språkleg mangfald i barnehagen/skulen?
Eit språklig mangfold er viktig både for individ og samfunn – og med Troll-i-ord ønskjer vi å tilby eit verktøy som stimulerer og styrkar det språklege mangfaldet i barnehagen og i skulen.

Dei barna som får morsmåls-støtte i barnehagen klarar seg betre fagleg. Det har samanheng med at det er enklare å tileigne seg kunnskap på språk ein mestrar godt, og difor bør morsmålet nyttast som opplæringsspråk.
Når vi tek til orde for språkstimulering både på morsmål og på andrespråket, støttar vi oss til viktige innsikter både frå nasjonal og internasjonal forskning.
Det er semje om at det er lettare å lære nye språk når morsmålet er godt utvikla. Ferdigheiter frå det eine språket vert overført til det andre dersom miljøet er stimulerande.
På same måte vil læring av andrespråket ha svak utvikling eller i verste fall bli hemma, dersom morsmåls-ferdigheitene er underutvikla.

 

Kvifor er du som forelder/føresett ein viktig ressurs i språkopplæringa?
Foreldre/føresette er viktige ressursar for å utvikle ferdigheitene barnet har på morsmålet, ikkje minst når det gjeld å styrke og fylgje opp interessa for skriftspråket.
Vi håpar de vil ta del i utforskninga av Troll-i-ord og støtte opp under viktigheiten av lesing og litterære samtalar.