Om Troll i ord

Kva er Troll i ord? 

«Troll i ord» er eit verktøy for språkstimulering i barnehage og skule. Verktøyet tek utgangspunkt i eventyr, og kombinerer konkretar og digitalt innhald med fortellestemmer på over 30 språk.

Ved hjelp av Troll i ord skal barna få forståing av et innhald og bli i stand til å gjengi innhaldet ved hjelp av munnleg fortelling, visualisering og andre formidlingsmetoder. Dei får også trening i å utdjupe og reflektere gjennom å skape eige innhald. Aktivitetane legg til rette for ulike arbeidsformer og tek i bruk ulike læringsstrategiar.

 

Lær meg norsk før skulestart

Språkforskar Margareth Sandvik med fleire står bak prosjektet Lær meg norsk før skolestart! frå Bydel Bjerke i Oslo. Prosjektet har resultert i ein metode for språkstimulering og eit kartleggingsverktøy til bruk i barnehagen. Metoden viser korleis ein kan arbeide for å skape eit godt språkmiljø i barnehagen – for alle barn. Troll i ord bygg på erfaringane frå dette prosjektet.

 

Rammeplanen

Jamfør rammeplanen skal barnehagen fremje kommunikasjon og språk. Rammeplanen seier også at personalet i barnehagen skal bidra til at språkleg mangfald vil vere ei positiv styrke for heile barnegruppa, støtte flerspråklege barn i å bruke morsmålet sitt og samtidig aktivt fremje og utvikle barna si norsk-/samiskspråklege kompetanse.

Rammeplanen 2017

Barnehagen er viktig for utvikling av språklege ferdigheiter hos barn, anten dei har norsk eller eit anna språk som morsmål. Eventyrappane, konkretane og lærerappen i Troll i ord skal hjelpe barnehagen i arbeidet med å fremje kommunikasjon og språk. Fortellestemmene på over 30 språk, samt eventyr med opphav frå ulike delar av verda synleggjer og verdset eit språkleg mangfald i barnehagen.

 

Kurs og forum

Troll i ord – KURS er meint å trygge personalet i språkarbeidet i barnehagen eller skulen og er tilgjengeleg som app for iPad og iPhone, og som nettkurs for alle andre plattformer.

Kurset gir læraren innføring i korleis arbeidet med Troll i ord kan gjennomførast i barnehagen eller på skulen.
Ved hjelp av kurset får heile personalgruppa same innføring i språkverktøyet, og ein sikrar langsiktigheit i arbeidet ved at nye tilsette til ei kvar tid kan få same opplæring ved hjelp av appen.

Kurset er abonnementsbasert og personleg. For full tilgang til kurset kan barnehagen eller skulen opprette eit gruppeabonnement og definere talet på brukarar. Kvar brukar får eige brukarnamn og passord, og kursprogresjon og andre innstillingar vert lagra og knytta til brukarkonto.

Kurset har fire modular; observasjon, forarbeid, gjennomføring og etterarbeid med ulike tilnærmingar for å utvide ordforrådet og forståinga av omgrep. Kurset viser til konkrete oppgåver og eksemper, og legg også opp til at personalet og barna sjølve er med å skape delar av innhaldet og bygge på med nye aktivitetar. Bilder frå prosess og produkt kan også lastast opp i kurset som inspirasjon for andre barnehagar og skular, og som eige dokumentasjon for å vise til foreldre eller andre. Gjennom appen får læraren tilgang til eit forum-område der dei kan diskutere metode og aktivitetar med kollegaer og andre.

 

Bruk av eventyr

Å forankre ulike former for språkstimulering i bruk av litteratur er eit vesentleg kjenneteikn for Troll i ord. Dei sju eventyra i serien er av ulik opphav og det digitalt innhaldet har fortellerstemmer på over 30 ulike språk.

 

Troll i ord

Kontakt oss:
GROM as

Web: trolliord.no

E-post: trolliord@grom.no

Trollkjelsvegen 26
5726 Vaksdal