Innhaldet i Troll i ord

Troll i ord har  både konkretar og digitalt innhald

 

Digitalt innhald:

Troll i ord har 7 eventyrappar og ein lærarapp. Desse er tilgjengelege i AppStore.

Kvar eventyrapp er bygd opp av eit animert eventyr der ein kan veksle mellom fortellestemmer på over 30 språk (5 og 7 for de to samiske eventyra). I tillegg finn du aktivitetar som tek utgangspunkt i eventyra.

Lærerappen skal rettleie personalet i barnehagen eller skulen i korleis språkverktøyet kan brukast saman med barna. Dei sju kursa i lærarappen fylgjer eit metodisk opplegg for korleis konkretar og digitale aktivitetar kan nyttast i språkarbeidet i barnehagen

Lærerappen registrerer aktivitet og progresjon i kurset, og slik kan ein sikre at heile personalgruppa får same innføring i korleis verktøyet kan nyttast i språkarbeidet.

 

Konkretar:

Troll i ord har per i dag 7 språkøskjer med konkretar for kvart eventyr.

 

Dei tre Bukkane Bruse

Eventyr med nordisk opphav.
Språkøskja inneheld: Treklossar (karakterar og terningar med tal- og mengde-tema), ­eventyr- og kulissehefte, ni fortellekort og tøypose.

 

Guten som gjekk til Nordavinden

Eventyr med nordisk opphav.
Språkøskja inneheld:: Treklossar (karakterar og terningar med bokstavtema), ­eventyr- og kulissehefte, ni fortellekort og tøypose.

 

Da påfuglen og ramnen fikk fargane sine

Eventyr med vietnamesisk opphav.
Språkøskja inneheld:: Treklossar (karakterar og terningar med fargetema), ­eventyr- og kulissehefte, ni fortellekort, tøypose og fargespel.

 

Kvifor krokodilla ikkje har tunge

Eventyr med somalisk opphav.
Språkøskja inneheld: Treklossar (karakterar med dyr og mønster som tema), ­eventyr- og kulissehefte, ni fortellekort og tøypose.

 

Skomakaren Dratewka

Eventyr med polsk opphav.
Språkøskja inneheld: Treklossar (karakterar og innhald med bygg som tema), ­eventyr- og kulissehefte, ni fortellekort og tøypose.

 

Stallo på julaftan

Eventyr med nordsamisk opphav.
Språkøskja inneheld: Treklossar (karakterar og terningar med samisk kultur som tema), ­eventyr- og kulissehefte, ni fortellekort og tøypose.

 

Landet under vatn

Eventyr med sørsamisk opphav.
Språkøskja inneheld: Treklossar (karakterar og innhald med samisk kultur og berekraft som tema), ­eventyr- og kulissehefte, ni fortellekort og tøypose.