Kva eventyr skal eg velgje

Det kan vere vanskeleg å vite kva eventyr ein skal starte med dersom ein er ny for «Troll i ord», og heller ikkje kjenner eventyra i serien. Vi har difor samla nokre tips frå barnehager som har brukt verktøyet i fleire år.

 

Dei sju eventyra

Troll i ord-serien består av 7 eventyr med opphav frå ulike delar av verda. Bukkene Bruse, Påfuglen og ramnen og Krokodilla og reven er korte og enkle eventyr som passar for alle barn.

Dei to samiske eventyra om Stallo og Landet under vatn, samt Guten og Nordavinden og Skomakaren Dratewka er lengre eventyr som ofte er meir tilgjengelege for dei eldste i barnehagen og for skulebarn.

Tilbakemeldingar frå Espira Salamonskogen er imidlertid: «Ikkje vel eventyr kun ut frå alderen på barna.»

 

Nyttige spørsmål å stille seg:

  • Kva ordforråd har barnet/barna?
  • Kva vil barnet/barna lære?
  • Kva interesser har dei?
  • Kva treng dei i kvardagen/kva møter dei i kvardagen?
  • Korte eventyr passar for alle.

Dersom ein framleis er usikker i høve val av eventyr er tipset frå Espira Salamonskogen å starte med eventyret om Påfuglen og ramnen. Eventyret fenger barn i ulik alder og med ulike interesser. Tema farge og form gir rom for mange ulike aktivitetar der barna får øve på ord og omgrep dei møter i barnehagen og i kvardagen elles.

 

Råtips

I språkøskja med konkretane for Påfuglen og ramnen fylgjer det f.eks med eit brettspel om fargar. Spelet er intuitivt og engasjerer både dei yngste og dei eldre barna. Spelet krev ingen forkunnskap eller ferdigheiter i norsk for å kunne delta. Samtidig gir spelet gode moglegheiter for å bruke benevning og knytte aktiviteten opp til handlinga i eventyret for å trigge samtale og refleksjon. Brikkene i spelet har fargar, det same har felta på brettet. Man må vente på tur, trekke en og en fargebrikke og legge på rett plass for å fylle sitt område på brettet. Barna lærer raskt ved å observere kvarandre og den vaksne kan aktivt støtte ved å benevne og gjenta, og referere til kva påfuglen og ramnen gjorde med fargane i eventyret, og slik trigge samtale rundt fargar og handlinga.