Rammeplan for barnehagen

Barnehagen skal fremje kommunikasjon og språk

Barnehagen skal vere bevisst på at kommunikasjon og språk påverkar og blir påverka av alle sider ved barnet si utvikling. Gjennom dialog og samspel skal barna støttast i å kommunisere, medverke, lytte, forstå og skape meining. Barnehagen skal anerkjenne og verdsetje barnas ulike kommunikasjonsuttrykk og språk, medrekna teiknspråk. Alle barn skal få god språkstimulering gjennom barnehagekvardagen, og få delta i aktivitetar som fremjar kommunikasjon og ei heilskapleg språkutvikling. I barnehagar for samiske barn i samiske distrikt skal barnehagen fremje den samiskspråklege kompetansen til barna.

Personalet skal

• anerkjenne og respondere på dei ulike verbale og ikkje-verbale uttrykka til barna og støtte språkutviklinga deira
• stimulere den verbale og ikkje-verbale kommunikasjonen til barna og leggje til rette for at alle barn blir involverte i samspel og samtalar
• sørgje for at alle barn får varierte og positive erfaringar med å bruke språk som kommunikasjonsmiddel, som reiskap for tenking og som uttrykk for eigne tankar og kjensler
• vere bevisste på rolla som språkleg førebilete og vere lydhøyre i kommunikasjon med alle barn
• følgje med på kommunikasjonen og språket til barna og fange opp og støtte barn som har ulike former for kommunikasjonsvanskar, er lite språkleg aktive eller har sein språkutvikling
• bidra til at språkleg mangfald blir noko positivt for heile barnegruppa, støtte fleirspråklege barn i å bruke morsmålet sitt og samtidig aktivt fremje og utvikle den norsk-/samiskspråklege kompetansen til barna

Kommunikasjon, språk og tekst

Gjennom arbeid med fagområdet skal barnehagen bidra til at barna får utforske og utvikle språkforståinga, språkkompetansen og eit mangfald av kommunikasjonsformer. I barnehagen skal barna møte ulike språk, språkformer og dialektar gjennom rim, regler, songar, litteratur og tekstar frå notid og fortid. Barnehagen skal bidra til at barn leiker med språk, symbol og tekst, og stimulere til språkleg nysgjerrigheit, bevisstheit og utvikling.

I barnehagen skal barna få erfare ulike måtar å formidle tekstar og forteljingar på, som kjelde til estetiske opplevingar, kunnskap, refleksjon og møte med språk og kultur. Personalet skal invitere til utforsking av både munnlege språk og skriftspråk.

Gjennom arbeid med kommunikasjon, språk og tekst skal barnehagen bidra til at barna

• uttrykkjer kjensler, tankar, meiningar og erfaringar på ulike måtar
• bruker språk til å skape relasjonar og delta i leik, og som reiskap til å løyse konfliktar
• vidareutviklar omgrepsforståinga og bruker eit variert ordforråd
• leiker, improviserer og eksperimenterer med rim, rytme, lydar og ord
• møter eit mangfald av eventyr, forteljingar, segner og uttrykksformer
• opplever spenning og glede ved høgtlesing, forteljing, song og samtale
• utforskar og gjer seg erfaringar med ulike skriftspråklege uttrykk, til dømes leikeskrift, teikning og bokstavar, gjennom lese- og skriveaktivitetar

Personalet skal

• skape eit variert språkmiljø der barna får oppleve glede ved å bruke språk og kommunisere med andre
• synleggjere språkleg og kulturelt mangfald, støtte barna sine ulike kulturelle uttrykk og identitetar og fremje mangfald i kommunikasjon, språk og andre uttrykksformer
• invitere til ulike typar samtalar der barna får fortelje, undre seg, reflektere og stille spørsmål
• oppmuntre barna til å fabulere og leike med språk, lyd, rim og rytme
• støtte barna i leiken med og utforskinga av skriftspråket

https://www.udir.no/laring-og-trivsel/rammeplan/